Informasjon frå styret
Joke Vikedal Cup
Forfatter: Magnus Skjefstad
31. august 2025
Forside

Knottane og Miniknottane hadde ein forykande fotballdagdag i Vikedal!
To lag frå knott og eit lag frå miniknott reiste til Vikedal på fotballcup heilt på randen av sommaren. Knottane spelte 5-ar fotball mens miniknottane spelte 3-ar fotball. Kjekt å treffa nye lag! Me fikk godt å blanda vær, men spelerane stod ikkje tilbake for det. Kjekke kampar med både motgang og medgang. Alle jobba knallhardt frå start til slutt, og smila var lika breie heile dagen. Mykje godt å handla i kiosken og ryddig arrangement. Som ein ekstra bonus fikk jentene frå Sand spela jentekamp mot jentene frå Sauda på slutten av dagen. Dette var kjempestas! Takk for ein fine dag Vindafjord IL!