Informasjon frå styret
Vinterkarusell løp 3
Forfatter: Aslak Øie Brinkbo
28. januar 2026
Vinterkaursellen løp 3
Rundt 20 løparar sprang onsdag 21. januar vinterkarusellen på Sand. Det var mykje vind og ganske kaldt, men løparane hadde kledd seg godt. Løypa var denne gongen endra litt, då det var mykje is i nøtteskogen bak skulen og ikkje mogleg å springe på grusen der. Dei yngste på kort løype sprang til skulebakken på gangstien og vendte der. Lang løype fulgte same trasé, før det blei sprunge opp skulebakken som vanleg. Siste løp for sesongen går 19.02. Det vil bli premieutdeling, kaffi og kaker i klubbhuset etter målgang. Vel møtt!